Tjuvar har natt til måndag teke seg inn i lokala til Firda Billag og Nettbuss Stryn - truleg jakt etter pengar, melder Fjordingen.no.

Dette er tredje gong på tre veker det har vore uvedkomande gjestar på staden, og politiet ber om tips for å stanse innbrottsplaga.

– Innbrotet natt til måndag vart oppdaga ved 6-tida måndag morgon. Dersom nokon har sett bilar eller personar i området ved rutebilstasjonen, er vi svært interessert i tips. Kanskje er det også nokon som kjenner igjen kjettingavbitaren tjuvane la att, seier politibetjent Jan Tore Sunde til avisa.

Tjuvane har ifølgje avisa teke seg inn via det same vindauget kvar gong, men utbytte har vore lite. Bedrifta sikra seg etter dei første innbrotta - og vil no gjere nye tiltak for å hindre fleire «besøk».