Politiet ønskjer tips etter at det er funnen ein fritidsbåt i drift ved Haddalsvika sør for Ulsteinvik

Det dreiar seg om ein gul 13 fots plastbåt med sorte plastseter og ein 9,9 hestars Yamaha påhengsmotor, tvitrar Sunnmøre politidistrikt tidleg torsdag.

Opplysningar kan tyde på at båten har slitt seg, og at det ikkje er nokon som har hamna i havsnaud:

– Fortøyningstauet hang utfor baugen på båten, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad til smp.no.

Ei politipatrulje var like før klokka ni på veg til staden for å undersøke saka. Om du har kjennskap til båten, ønskjer politiet at du tek kontakt på telefon 02800.

Oppdatering kl. 10.00: Eigar har meldt seg og vil hente båten.