Fleire nordfjordingar er allereie fødde ved Volda sjukehus etter at fødeavdelinga på Eid blei stengd. Men Helse Møre og Romsdal har enno ikkje fått betalt for tenesta.

– Per i dag har vi ikkje fått på plass ein avtale med Helse Førde. Dei skal betale, men vi er ikkje blitt einige om kor mykje, seier administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, til Sunnmørsposten.

240 fødslar

Styret i Helse Møre og Romsdal skal neste veke behandle eit krevjande budsjett for neste år.

I styresaka går det fram at Volda sjukehus vil få rundt 670 fødslar årleg. Av desse vil 240 fødslar vere frå Helse Førde sitt bustadområde.

I budsjettforslaget har administrerande direktør førebels lagt inn ein kompensasjon på om lag 8,2 millionar kroner for fødslane frå Nordfjord.

Går til Sunnmøre

Auka inntekt går i sin heilskap til å styrke fødetilbodet på Sunnmøre, heiter det i saksutgreiinga. Og Eidsvik forsikrar at pengane frå Nordfjord-pasientane ikkje skal gå inn i det store sluket i Møre og Romsdal.

– I hovudsak blir pengane brukt i Volda og på Sunnmøre. Noko blir brukt til styrking i Ålesund som følgje av samarbeid, seier Eidsvik og legg til at Ålesund får styrka si legebemanning med ei stilling. Også Volda er tilført ei ekstra legestilling.