- Mannen har brotskader og er no til operasjon. Situasjonen er stabil, får smp.no opplyst hos AMK ved 17-tida, tysdag.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 11.48.

Sendte helikopter

- Ein bil har køyrd av vegen og ein person er meld skadd, fortalde operasjonsleiar Einar Andre Rostad i Sunnmøre politidistrikt.

Naudetatane var på staden og ambulansehelikopter vart rekvirert fordi bilføraren først vart karakterisert som hardt skadd.

Vegen var stengd ei stund etter ulykka, men vart opna igjen rundt klokka 12.45.

Til behandling i Ålesund

Den skadde mannen er i byrjinga av 20-åra, og blir behandla for skadane han fekk på Ålesund sjukehus.

Årsaka til ulukka er førebels ukjend.

- Ulykkesgruppa frå Statens vegvesen bistår politiet med etterforsking, opplyser Rostad.

Politiet oppretter elles sak på det som skjedde, og saka vert vidare etterforska av lensmannen i Herøy og Sande.

KRAFTIG SMELL: Politi arbeider på ulykkesstaden. Foto: Torill Myren