Tysdag kveld leier Eid avstemminga på Facebook. 5600 stemmer til Eid vidaregåande er om lag like mange som det er innbyggjarar i Eid kommune.

– Men skulen har elevar også frå andre kommunar, ikkje minst Måløy, Selje, Vågsøy, Vanylven, Stryn. Så det er klart, det er fleire enn folk i Eid som stemmer, seier Sandra Ervik, som er elevrådsleiar på Eid vidaregåande.

Skulemusikal i samarbeid med Opera Nordfjord er kanskje det skulen er mest kjend for.

– Men det er meir som er med og skaper samhald, fortel Ervik. Elevstyrt dag nemner ho først.

– Me har elevstyrt dag, der elevane styrer skulen, underviser og også vaskar. Så har vi samarbeidet med Malakoff. Vi har open skule der vi serverer middag kvar onsdag, særleg til dei som går på hybel. Vi har aksjon Nairobi, ein variant av Operasjon Dagsverk. Og vi er ein skule der vi slår konsekvent ned på mobbing. Og så er allmenn og yrkesfag samla.

Følg smp.no på Facebook

– Dersom du skulle kome med idear til andre vidaregåande skular, kva ville du sett etter og lagt vekt på?

– Skulen bør inkludere og finne på kjekke ting som elevane har interesse av. At du føler seg inkludert og kan utrette noko, og at du føler at du blir sett, det er avgjerande, seier Ervik.

Tysdag føremiddag låg Eid under med 140 stemmer. I løpet av dagen avanserte skulen i heatet, tysdag kveld låg den meir enn 100 stemmer framfor nummer to, ein skule i Fredrikstad.

– Vi har gjort ein god innsats overfor slekt, vener og kjende i dag, fortel Ervik.

14. april går avstemminga ut. I tillegg til ære og omdømme får vinnaren ein eksklusiv konsert med Margaret Berger og LidoLido.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Årleg skulemusikal er eitt av kulturtiltaka som skaper samhald på Eid vidaregåande skule. 2012: Les Miserables. Foto: Anne-Mari Tomasgard
Matdag for mottaksklasse ved Eid vidaregåande. Elevar frå Afghanistan, Eritrea, Sudan, Island og Somalia lærer gode matvanar. Foto: Anne-Mari Tomasgard