Torsdag kom gladmeldinga dei tidlegare tilsette har venta på: Det vert ny drift ved det konkursråka fiskemottaket i Fosnavåg i regi av Nils Sperre AS, Vedde AS og Remøy Group – under namnet Fosnavaag Pelagic.

– Vi tar sikte på at det vert full drift. Det må til dersom vi skal tene pengar, seier Harald Sperre i Nils Sperre AS på Ellingsøy.

Bedrifta er ein del av det såkalla «ålesundsmiljøet», som er ei motvekt til den dominerande storaktøren i pelagisk næring, Norway Pelagic.

Utstyr seldt

Norway Pelagic har vore ein av dei dei andre interessentane i spelet om framtida til Fosnavaag Seafood.

– Vi har kjøpt ein del av utstyret, fordi vi fekk eit godt tilbod frå dei som hadde leasa det ut, seier produksjonsdirektør Gunnar Domstein i Norway Pelagic.

– Det har vore hevda at de ville kjøpe anlegget for å leggje det ned. Stemmer det?

– Kjøp av anlegget har aldri vore tema, seier Domstein. Men nettopp frykta for ei nedlegging har vore ein viktig motivasjon for dei som går inn og sikrar drift.

– For oss er dette også eit strategisk val. Sterke krefter vil at det skal vere færre store pelagiske anlegg. Samstundes vert det bygd opp i sør og nord, medan ålesundsmiljøet står i fare for å dette ut, seier Harald Sperre i Nils Sperre AS.

Lokalpatriotar

Også Karsten Sævik i Remøy Group er oppteken av at fiskemottaket i Fosnavaag skal overleve. Selskapet eig lokala til bedrifta, med går no også inn i driftsselskapet.

– Det er viktig at det er drift ved anlegget, både for lokalmiljøet og heilskapen i Herøy, seier Sævik.

Nils Sperre AS vert no i stand til å utvide sitt produktspekter til sildefilet. Og Vedde AS skal bruke avskjeret i sin produksjon av fiskeolje og mjøl.

– Vi ønskjer å skape ein moderne fabrikk der heile fisken vert utnytta, seier Hans Peter Koppernæs i Koppernæs Gruppen.

Nils Sperre AS og Harald Sperre. Foto: Staale Wattø
Remøy Group og Karsten Sævik.