Venstre og KrF fryktar at regjeringa ikkje har bestemt seg for framtidig E39-trasé gjennom Nordfjord.

Når Nasjonal Transportplan blir lagt fram i Stortinget 18. juni, er KrF og Venstre redd for at den interne striden i regjeringa skal halde fram også til hausten.

No vil dei legge press på regjeringa: Velg midtre, og gjer det før sommarferien.

Også KrF sin partileiar Knut Arild Hareide, som er leiar for Stortingets transport- og kommunikasjonskomité, går inn for midtre trasé, med brukryssing mellom Anda og Lote.

– No går Venstre saman med Kristeleg Folkeparti om å krevje ei avklaring. KrF meiner at E39 bør følgje midtre trasé, og er oppteken av at vegen skal bidra til regional utvikling, uttaler dei to partia i ei pressemelding.

Høgre sentralt går på si side inn for indre E39, skriv Fjordingen.

Midtre mest lønsamt

Sveinung Rotevatn frå Nordfjordeid er toppkandidat for Sogn og Fjordane Venstre. Han seier til Sunnmørsposten at regjeringa er inkonsekvent om den ikkje vel midtre.

– Distriktsmeldinga i vår frå regjeringa var tydeleg på at det er viktig å knyte saman bu- og arbeidsmarknadsregionar i distrikta. Og næringslivet ønskjer midtre trasé, seier han.

Vidare viser fleire rapportar at midtre er mest lønsamt for samfunnsøkonomien.

– Norman-rapporten viser at ferjefri fjordkryssing midt i Nordfjord er eit av dei mest samfunnsøkonomisk lønsame prosjekta på heile E39. Også regjeringa sin kvalitetssikringsrapport (KS1) har tilrådd brukryssing i midtre over Lote-Anda. Valet burde vere openbart, uttalar dei to partia i pressemeldinga.

Finansiering

Og ikkje blir det dyrt heller for statskassa, seier Rotevatn.

– Ferjestrekninga Anda–Lote har meir enn ein million reiser i året, og den kan i praksis finansierast med brukarbetaling. Dessutan har vi sett at ferjeutgiftene i Møre og Romsdal går opp frå neste år, og vi ventar det same i Sogn og Fjordane. Brukryssing Anda-Lote er utan tvil den rette løysinga, seier Sveinung Rotevatn.

Beklageleg

Førstekandidat for Sogn og Fjordane KrF, Trude Brosvik frå Gulen, fryktar for konsekvensane dersom kyststamvegen vert lagt inst i nordfjorden.

– Det vil vere sterkt beklageleg dersom E39 gjennom Nordfjord ikkje skal krysse ved Anda-Lote og dermed utløyse størst mogeleg regional utvikling. Eg trudde det var ein av dei viktigaste grunnane til å bygge veg, seier Brosvik.

Sveinung Rotevatn er førstekandidat for Sogn og Fjordane Venstre. Foto: Kristin Svorte