Denne brannfakkelen kjem frå sauebonde og leiar i Møre og Romsdal sau- og geitalslag, Odd Bjarne Bjørdal. Han har følgt nøye med i ulveherjingane nord i fylket sidan i vår.

– Det er reint hjarteskjerande å sjå og høyre kva yrkesbrør har vore utsette for av denne lystmordaren. Det er nemleg det ulven er, ein reinhekla lystmordar. Han drep gjerne titals sau og lam når han først er i gang, og han riv til seg berre det beste av nokre få av dei, konstaterer Bjørdal.

Følg smp.no på Facebook

Fylgt med i Oppland

Parallellt med sauedrapa i Sunndal og Eidsdal nord i vårt eige fylke, har Odd Bjarne Bjørdal fylgt situasjonen også i Oppland fylke nøye, der det har vore ekstra stygge tap i sommar.

– Eg har svært god kontakt med folk både innan sauehald i i gjetarhundmiljøet. Alle seier det same, at dei fryktar fritt slepp av ulvestammen, seier Bjørdal.

I Oppland vart det gått ut med ein liknande dusør for ulovlege rovdyrfelling sist helg. Og reaksjonane har ikkje late vente på seg frå dyrevernhald.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Vil settje dagsorden

– Er du ikkje redd for å provosere, og verre, oppmode til ei ulovleg handling?

– Det er nettopp å provosere og setje politisk dagsorden som er målet med denne dusøren.

– Seinast i dag (tysdag) hadde vi telefonisk styremøte i fylkeslaget, og vedtaket om å utlove rovviltdusøren står fast. Han vil verte utbetalt også, lovar Odd Bjarne Bjørdal.

Han trur det berre er eit tidsspørsmål før ulven breier stort om seg også i Møre og Romsdal.

– Då har vi som driv med sau tapt, ein gong for alle, seier han.

Ulv: Denne ulven er fotografert i ein svensk dyrepark av Roger Engvik. Foto: Roger Engvik
Sau: Rømande og ihelriven sau har vore eit faktum også i Møre og Romsdal i sommar. No vil sauehaldarane i fylket tvinge rovdyrpolitikken på dagsorden.