Detseier fylkesleiaren i Møre og Romsdal Sau og Geit, Odd Bjarne Bjørdal.

Hanskapte furore då han utlovde 10.000 kroner i skotpremie til den første som skyteit freda rovdyr i Møre og Romsdal. Særleg var det ulv han hadde ikikkertsiktet.

–Eg registrerer at enkelte dyrevernarar fell så djupt at dei truar med å skytepersonar dei er usamde med, seier Bjørdal, som både har fått hatmail og lesekommentarar på nettsider.

Derstår det blant anna at enkelte vil på jakt på Sunnmøre. Og det er ikkje ulvendei er ute etter.

–Dette seier noko om kor lite seriøse enkelte dyrevernarar er, seier Bjørdal.

Sauebondesuppegjøk

Han er meld til politiet avAksjonen Rovviltets Røst. På facebooksida til organisasjonen har Bjørdal fåttgjennomgå. Der står blant anna å lese: «Både han og Fjordman burde vært testetav domstolene», «han burde dele celle med en hyggelig kosebamse», «få låst inndisse sauebønda», «sauebondesuppegjøk».

Truslar og støtte

– Men eg har også fått langt meiralvorlege trugsmål, rett og slett drapstruslar, også direkte sendt til meg permail. Likevel er det massiv støtte frå heile landet, ikkje minst frå bønder somseier at dersom Norsk Sau og Geit dementerer mine utsegner, vil dei melde segut i hopetal, seier Bjørdal.

Naturvernforbundetkrev at landsstyret legg seg flate og beklagar Bjørdal sine utsegner. Det harorganisasjonen så langt ikkje gjort.

Bibelkyndig

Sauebonde og medlem i Sau ogGeit, Knut Hustad, gjev Bjørdal si fulle støtte:

–Om ein ulv nærmar seg beiteområdet til min saueflokk, vil eg naturlegvis skyteulven. Eg set meg ikkje ved laptopen og skriv søknad til Fylkesmannen medanulven herjar vilt i flokken. Til og med Bibelen slår fast at ulv og lam ikkjegår godt i lag: «Den som selv ikke eier sauene, han forlater dem og flykter nårhan ser ulven komme, og ulven kastar seg over dem og sprer flokken.» (Johannesevangeliet).

Jaktklar: – Nærmar ein ulv seg saueflokken min, skyt eg sjølvsagt ulven, utan først å søkje Fylkesmannen om løyve, seier Knut Hustad. Arkivfoto: Knut Arne Aarset