Mannen i 40-åra dreiv eit enkeltmannsføretak og var dagleg leiar i eit aksjeselskap.

No har Søre Sunnmøre tingrett dømt mannen for manglande rekneskapsføring, samt manglande innsending av momsoppgåver. Begge deler er alvorlege straffbare forhold, skriv tingretten i dommen.

Bevis

Ifølgje dommen har mannen unndrege moms for nær 700.000 kroner.

Sidan det ikkje er ført rekneskap, har skatteetaten for å bevise lovbrot blant anna henta inn fakturakopiar frå kundar.

Lang tid

Søre Sunnmøre tingrett har dømt mannen til seks månader fengsel. Han må også betale 3000 kroner i sakskostnader.

I fastsetjing av straffa har retten som eit formildande moment teke omsyn til lang sakshandsamingstid. Dette skuldast både påtalemakta og tiltalte sjølv.

Forholda mannen er dømd for har skjedd i 2008 og 2009.