- Dagens brev til Helse Vest frå Støre om dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus gjer meg jublande glad, seier ordførar Alfred Bjørlo (V) i ei pressemelding.

- Eg har nyleg besøkt Nordfjord sjukehus og fått gode innspel frå ansatte og lokalpolitikarar, skriv Støre i brevet.

- Det er i dag ikkje tilbod om dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus. Eg meiner det er ein mangel som man bør søke å rette opp, skriv Støre vidare.

Han meiner modellen som er utvikla for Nordfjord sjukehus vil få betydning langt utover Nordfjord og Helse Førde.

Bjørlo seier til smp.no at han er veldig nøgd, letta og glad for det han les i brevet.

- No har vi systematisk jobba i to år med å utvikle ein samla modell for framtidas lokalsjukehus, og Nordfjord sjukehus låg an til å bli det einaste sjukehuset i landet utan kirurgisk aktivitet. Eg er imponert over at Støre umiddelbart reagerte og ga klar beskjed, seier Bjørlo.

Han trur at Helse Vest kjem til å føye seg etter brevet til Helse- og omsorgsministeren.

Frist

Støre gir Helse Vest frist til 10. november med å rapportere til Helse- og omsorgsdepartementet om dagkirurgi bør vere ein del av "framtidas lokalsjukehus generelt og Nordfjord spesielt".

- Helse- og omsorgsminsteren har no lytta til den eintydige bodskapen frå fagleg hald og frå eit samla politisk miljø i Nordfjord, seier Bjørlo, og legg til:

- Dagkirurgi er den avgjerande biten i puslespelet for å gjere Nordfjord sjukehus til ein nasjonal modell for framtidas lokalsjukehus.

Stolt og glad

- Eg er stolt og glad over det enorme engasjementet som er lagt ned i "Utviklingsprosjekt Framtidas Lokalsjukehus" dei siste to åra frå Helse Vest, Helse Førde, tilsette på sjukehuset, innbyggjarar, helsevesen og folkevalde i Nordfjord for å skape ei ny framtid for Nordfjord sjukehus. No har vi ein plattform for framtida vi kan stå saman om - på trygg fagleg grunn og med tverrpolitisk støtte nasjonalt, seier Eid-ordføraren.

- I dag er det rett og slett grunn for alle å vere glade og sjå lyst på helse-framtida i Nordfjord, meiner Bjørlo.

Nordfjord sjukehus.
Ordførar Alfred Bjørlo er særs nøgd med brevet frå Støre. ARKIVFOTO: Ingebjørg Nilsen Stokknes