Brannvesenet i Hareid rykka måndag kveld ut etter at ein bil hadde teke fyr ved Hareidsmyrane industriområde, melder Vikebladet.no.

Ifølgje avisa skal det berre ha vore ein person i bilen, og denne kom seg ut frå køyretøyet.

110-sentralen kan opplyse at dei ikkje har fått melding om at nokon kom til skade i hendinga. Ettersom brannstasjonen ligg rett ved sida av staden der bilen tok fyr, var dei raskt på staden.

– Brannvesenet fekk meldinga klokka 20. Få minutt etterpå fekk vi melding om at brannen var sløkt og situasjonen under kontroll, seier vakthavande Arnfinn Klausen ved 110-sentralen til smp.no.

Fleire vitne på staden har fortald til Vikebladet at sjåføren dreiv med burning før bilen tok fyr.

Ambulanse rykka også ut til staden etter hendinga.

Operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt opplyser at politiet førbels ikkje har hatt kapasitet til å reise ut til hendinga.

Veit du noko om denne saka? Send sms/mms til 95 400 400, epost til 95400400@smp.no eller ring 95 400 400

Bilen fekk omfattande skader av brannen måndag kveld. Foto: Tormod Utne