TJØRVÅG (smp.no): Eventyrar og forfattar Ragnar Thorseth har vore ute mang ein vinternatt og klara seg godt - men måndag kunne det gått rett gale då båten hans sleit seg ved brygga heime ved Torsethøgda i Herøy.

– Det var kaldt som faen, seier 66-åringen der han sitt i sofaen heime etter å ha fått varmen i kroppen.

Les også: Mann berga opp av sjøen

Bergingsaksjon

Det vart sendt ut to helikoptre, dykkarar, fleire redningsbåtar og politi då Thorseth bad om hjelp like etter klokka 15 måndag.

Men då hadde båteigaren allereie kjempa i det iskalde vatnet ein god halvtime for å berge båten.

Det som starta som ein vanleg dag - fekk nemleg ei dramatisk vending då han oppdaga at båten hadde slitt seg.

Kjempa i isvatnet

Sjølv om helsa er redusert og balansen ikkje er som i yngre dagar, forsøkte han å få fast båten på eiga hand.

– Båten hang berre etter fortøyinga framme. Det bles kraftig, men eg tok tak i fortøyinga og skulle ta meg om bord. Det klarte eg ikkje og hamna i sjøen, fortel han til Sunnmørsposten.

Dermed vart han hengande delvis etter fortøyinga og delvis ved å klamre seg fast på båtsida, medan båten dreiv over på den andre sida av bukta.

Der enda den i fjøresteinane, og Thorseth klarte kald og utmatta og ta seg om bord.

Sjå video frå bergingsaksjonen

Ba om hjelp

– Då gjorde eg ei tabbe. Eg starta opp og forsøkte å bakke bakover, men gløymde akterfortøyinga som dermed gjekk i propellen, seier han oppgitt.

Slik vart båten liggjande i fjøresteinane med stadig større slagside ettersom vasstanden sank.

Då hadde han fått på varme i båten, hatt av seg dei våte kleda og på med ein sovepose. Den vasstette mobilen han hadde med seg, var ikkje vasstett likevel - og han såg ikkje anna løysing enn å be om assistanse via radioen.

– Eg var for utmatta til å gå etter folk, og bad om ein båt til å slepe meg, fortel han.

At alle naudetatane slo på stortromma, synst han er litt i overkant.

Men vakthavande ved Hovudredningsentralen for Sør-Norge opplyste til smp.no tidlegare, at bilde var uklart då naudmeldinga kom, og dei tok difor ingen sjansar.

Bekymra for båten

Etter ein legesjekk og ein prat med politiet, er han mest oppteken av å låne ein telefon slik at han kan få båten på land.

Han ringer ein kjenning: – Båten må på land i kveld, fordi motoren har vore under vatn, seier han på telefonen.

Etter å ha gitt instruksjonar, byr han på ein kopp kaffi til journalisten.

– Var du nokon gong nervøs for at det skulle gå galt med deg sjølv?

– Nei, det finst alltid ei løysing, svarar han og smiler: – Eller det vil seie - nesten alltid iallfall.