Ein septikbil slapp ut store delar av «lasten» i rundkøyringa ved sjukehuset i Volda måndag kveld, ifølgje operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt på twitter.

Uhellet skal ha skjedd like før klokka 20.50, og kort tid etterpå var ein entreprenør i gong med den lite trivelege vaskejobben.

Før det skjedde hadde likevel ein rekke bilistar hamna i skiten, då dei uvitande kom køyrande.

Følg smp.no på Facebook

Ein politimann på staden opplyser til smp.no at kloakkutsleppet ikkje skal ha skjedd i samband med nokon form for trafikkulukke. Med andre ord er det truleg eit reint uhelll som har ført til at det hamna tusenvis av liter med septik i vegen og at det ligg ein stram odør over store delar av området måndag kveld.

Fordi politiet har sperra av deler av vegen medan reingjeringsarbeidet pågår, skaper uhellet óg litt trafikale problem på staden.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Har du tips til oss om denne saka? Send sms/mms til 95 400 400, epost til 95400400@smp.no eller ring 95 400 400