No har Hornindal Rundt leigd helikopter og proffe filmfolk og laga reklamefilm for løpet.

Målet er å trekkje til seg løparar frå heile Europa, og doble deltakinga.

Sjå filmen her !

Kan fort bli stort

Dessutan er Thomas Andersen, ein av dei mest erfarne ultraløparane i landet, heilfrelst. Og han meiner dette er det einaste fjelløp i Norge som kan måle seg med dei store løpa i Alpane.

– Dette kan bli eit løp på linje med dei store ultraløpa i Alpane, seier Andersen til Smp.no.

Sjå bildeserie over

Han har delteke to gonger i Hornindal Rundt og vunne begge.

– Det er eit røft og skikkeleg fjelløp. Det er profesjonelt arrangert med god merking. Det er god stemning. Og det er lite grusveg og mykje terreng, seier han.

– Alpane er jo eit paradis. Men dette gir litt same følelsen. Og det er vanvitig flott natur i Hornindal.

No vil han promotere løpet når han deltar ute i Europa, som Tour du Mont Blanc, Europas tøffaste fjelløp, også kjend som TMB.

Rekordpåmelding

I fjor var oppslutninga om Hornindal Rundt 250. I år håper arrangøren på 300. Så langt er påmeldinga godt framfor fjoråret.

– Og når vi kjem oppi 5-600, då snakkar vi, seier talsmann for løpet, Svein Otto Espe.

Han fortel at mange løparar kjem tilbake igjen år etter år. Men løypa er eigentleg langs trimløyper som honndølane sjølve har brukt i alle år.

– Forskjellen er at enkelte av desse galningane som deltek gjer det nærast umulege. Rekorden er på litt over10 timar, seier Espe.

Erfaren ultraløpar Thomas Andersen er heilfrelst på Hornindal Rundt, han vil no verte ambassadør for løpet ute i Europa. I 2012 sprang har på 10 timar og 26 minutt. Foto: Egil Seljeset