Politiet i Sogn og Fjordane har sikta ein vogntogsjåfør for å promillekøyring etter at dei fann kjøretøyet hans i grøfta i Stryn.

Politiet har óg teke beslag i førarkortet til mannen, som ikkje er heimehøyrande lokalt i distriktet.

Følg smp.no på Facebook

Det var litt over midnatt natt til tysdag at politiet fekk melding om at eit vogntog stod i grøfta på riksveg 15 i Hjelledalen.

– Det dreier seg ikke om ein utforkøyring med skade på kjøretøyet. Han hadde nok prøvd å parkere, men det må vi snakke nærare med vedkommande om, seier politiførstebetjent Lasse Trosdahl ved lensmannskontoret i Stryn til smp.no.

Det er teke blodprøve av sjåføren. Denne vert sendt inn til analyse for å slå fast i kva grad mannen var påverka av alkohol.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Tips smp.no på 95 400 400 eller på 95400400@smp.no!