Her vert kjempepadda løfta opp på lastebilen.

Kjempepadda på veg til E39

Kjempepadda gjorde kjempehopp.

Padda vart løfta opp på platten på ein lastebil på Folkestad, onsdag føremiddag, før turen skulle gå over fjorden til Volda og vidare inn i Austefjorden.


Med hydraulisk hjelp og finsikting fekk den 2,5 meter høge og 3,5 tonn tunge monsterpadda i betong plass på lastebilen.

Sjå video over!

Det er multikuknstnaren Robert Steinnes frå Ørsta/Volda som har laga paddeskulpturen, tinga og betalt av Sparebank1 Søre Sunnmøre. Statens vegvesen har på si side lagt til rette med ein eigen parkeringsplass der padda får plass, ikkje langt unna austenden av Fyrdsbergtunnelen. Skulpturen skal plasserast i paddeland mellom levande likesinna i Austefjorden.

Paddeløftet Knut Melheim studerer galskapen.
            (Foto: Knut Arne Aarset)

Paddeløftet Knut Melheim studerer galskapen.Foto: Knut Arne Aarset

- Er ikkje dette litt absurd, Steinnes?

- Absurd jau. Kjempeabsurd!

Kunstnaren må tørke sveitten etter ei stri og spennande økt med å hjelpe padda opp på det meterhøge lasteplanet til lastebilen frå Bøstrand transport AS.

Romsleg

Far til kunstnaren, Albert Steinnes, sjåfør Stein Ole Eikrem og eit par lokale frivillige var det som skulle til for å gi padda dette kjempeløftet.

Robert Steinnes, som også er tømrar, starta det første arbeidet med padda i februar i fjor. Arbeidet har føregått i den gamle brusfabrikken på Folkestad, einaste lokalet han fann ledig mned stor nok takhøgde til å arbeide fritt over og under denne padda.

Absurd last Her vert padda løfta på plass på lastebilen.
            (Foto: Knut Arne Aarset)

Absurd last Her vert padda løfta på plass på lastebilen.Foto: Knut Arne Aarset

Onsdag ettermiddag går transporten vidare med ferje over Voldsfjorden og parade gjennom gatene der, før turen går innover Austefjorden.

Avduking laurdag

Filmskapar Are Pilskog, mannen bak prisberømte "Havets sølv", følgjer transporten tett med kamera og lydutstyr. Han skal lage film for NRK om Nord-Europas største paddebestand i Austefjorden i Volda kommune.

Komande laurdag føremiddag er det klart for avduking av den nye innbyggjaren på Fyrde i Austefjorden.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Tørrskodd Her tek padda ferja frå Folkestad til Volda.
            (Foto: Knut Arne Aarset)

Tørrskodd Her tek padda ferja frå Folkestad til Volda.Foto: Knut Arne Aarset

Her startar siste reisa til gigantpadda i Volda.

Leses nå
 

Forsiden nå: