Karoline SKjåstad frå Bjørke syntest det var kjempegøy å klatre på padda. Foto: Marius Myklebust

Laurdag vart han endå større. Den nye kolonisten er 2,5 meter høg og 3,5 tung, og laga av multikunstnaren Robert Steinnes. Onsdag vart han frakta frå Folkestad over til Volda og inn i Austefjorden. Laurdag klokka 11 vart skulpturen avduka. - Vi har talt over 5.000 padder på ei natt. Det er unikt, sa pådrivar og paddentusiast Gunnar Vangen under avdukinga laurdag.

Eit monument

- Det som står framfor oss i dag, må kunne kallast eit monument. Vi veit at nokre har drege på smilebandet. Men eg er imponert over samarbeidet og løysinga vi har fått til her. Det er ikkje alle som har ei passe på sokkel, sa ordførar Arild Iversen i Volda.

Oppmøtet ved paddeavdukinga var enormt. Bilane stod på rekke heilt ned til Fyrde sentrum. Politiet var på plass for å ta hand om folkemengdene.

Entusiasmen var stor når padda var avduka. Foto: Knut Arne Aarset

Prosjektet, som er finansiert av Sparebank 1 Søre Sunnmøre, er eit kombinert veg-, kunst- og naturvernprosjekt. Statens vegvesen har lagt til rette for padda ved vegen. Naturvernforbundet ved Gunnar Vangen og Oddvar Olsen har vore pådrivarar for prosjektet.

Umiddelbar suksess

Etter avdukinga viste padda seg å vere ein umiddelbar suksess. Borna klatra over og under skulpturen, og såg ut til å storkose seg.

Padda vart ein umiddelbar suksess, og borna begynte å klatre på skulpturen like etter opninga. Foto: Marius Myklebust

- Det er kjempegøy å klatre på padda, sa Karoline Skjåstad frå Bjørke.

Kunstnaren sjølv var strålande nøgd.

Karoline SKjåstad frå Bjørke syntest det var kjempegøy å klatre på padda. Foto: Marius Myklebust

- Det var dette eg håpte på. Det er meininga at både små og store skal få glede. Og det er jo fantastisk at så mykje folk møter opp, sa Robert Steinnes til smp.no

Padda vart ein umiddelbar suksess, og borna begynte å klatre på skulpturen like etter opninga. Foto: Marius Myklebust