Ein mann er brakt til sjukehus med ambulansehelikopter etter at han fall i ei elv og utfor en foss mellom Videseter og sommarskisenteret på Stryn fredag.

Følg smp.no på Facebook

Kuttskader i hovudet

Han vert brakt til sjukehus i Førde. Ifølge AMK har han moderate skadar, og ligg på vanleg avdeling.

– Vedkommande fall i elva og vart ført av strømmen utfor ein liten foss. I det fallet har han fåt kuttskader i hovudet og truleg brotskader andre stader på kroppen, opplyser operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt til smp.no.

Hjulpen i land

Etter det politiet forstår, var mannen på tur i området med nokon han kjenner. Det var personar frå dette reisefølgjet som melde frå om ulukka og hjalp mannen på land.

Alle naudetatane rykka ut til staden. Politiet som var først framme, har ikkje haldepunkt for å seie at mannen eller følgjet hans har vore aktlause ved å bevege seg på staden.

– Elva ligg tett inntil vegen og dette er ikkje eit farleg eller vanskeleg tilgjengeleg område, påpeiker Rimmen.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no