På søndag vart det fanga fire stamfisk frå Ørstaelva. Dei var alle nærast oppetne av lus.

– På grunn av temperaturen i vatnet, hadde vi frykta at det skulle vere lus på laksen. Men eg hadde aldri sett føre meg at  vi skulle finne så enormt mykje, seier Torbjørn Follestad i Ørsta jeger og fisk.

Han vart sjokkert  då han kunne telje opp mot 150 små og store lus på ein halvannan kilos laks.

– Laksane hadde store stygge sår, og lusa hadde til og med bete seg fast i augeeplet på fisken. Han var heilt oppeten.

Følg smp.no på Facebook

Luserekord

Sidan villaksen er truga, tek ein ut såkalla stamfisk frå elvane for å bruke til kunstig formeiring i stamfiskbasseng. Deretter blir «avkomet» sett ut att der gyteforholda er dårlege i elvane. Funna som vart gjort i Ørsta, er ein indikator på kva lusemengder det er i fjorden, meiner Follestad.

– Dei høge temperaturane i fjorden har gjort forholda ideelle for lakselusa. Det er nok derfor vi no ser rekordstore tal på lus, meiner Follestad. Samstundes har lite vatn i elva, gjort at laksen blir ståande lenge i fjorden, og dermed får lusa tid til å bite seg fast i større grad.

– Eg tør ikkje tenke på korleis livet elles i fjorden ser ut, seier Follestad, som fryktar at til dømes sjøauren, lid ei endå verre skjebne.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Stengt elv

I Ørstaelva og Bondalselva har fiske i år vore så dårleg at ein i førre veke valde å avslutte sesongen ein månad før tida. Låg vassføring og varmt vatn skal vere grunnen til den dårlege fangsten.

Også i Eidselva har ein måtta gjort tiltak i ein dårleg laksesesong. Der har ein halvert kvoten frå to til ein laks per dag, og det er sett ned forbod mot å fiske med sluk.

– Det er veldig lite fisk i Eidselva om dagen. Vi har så langt 500 kilo fangst i år, samanlikna med 780 kilo midtvegs i fjor, seier Arne Ove Bjørli, leiar i Eidselva elveeigarlag. Han håpar at den eineståande sommaren snart tek slutt.

– Vi er avhengige av meir regn, og lågare temperaturar i elva om vi skal berge sesongen.

I byrjinga av august skal elveeigarlaget ha evalueringsmøte, for å avgjere om dei også i Eid må stengje elva for sesongen, for å berge det som er att av fisk.