I bratt og vanskeleg terreng vart to sauer, ei søye og eit lam, berga ned frå ei fjellhylle i Bjørkedalen i går kveld.

På fjellhylla var det praktisk tala ikkje noko grønt igjen.

Her stod ei søye og eit lam fast, i verste fall i 18 dagar. Foto: Arve Rindal

- Det var heilt bruntrakka. Lammet har vel greidd seg best, det har nok soge av mora, seier Arve Rindal.

Det var han som rappellerte ned til dei to utsvoltne dyra. Utan å seie det sikkert, trur han sauene kan ha stått fast på fjellhylla i kanskje to veker.

Sjå bildeserie over

Uoversiktleg for folk og fe

Det var måndag at folk i Bjørkedalen tilfeldigvis oppdaga sauene i kikkert.  Arve Rindal tok turen opp og fann ut at sauene høyrer heime i Eid. Morgonen etter vart ein ekspedisjon utrusta.

- Sauene var veldig vanskeleg å sjå, vi hadde hjelp av folk nede i Bjørkedalen som fortalde oss kor vi skulle gå, fortel saueeigar Vidar Haugland.

Arve Rindal gjer seg klar til å klatre. Saueegiar Vidar Haugland i mørk genser. Foto: Leiv Sønderland

Han reknar med at sauene har kome ovafrå Løsethornet.

Så har dei gått og hoppa nedover og nedover, til dei kom til ei hylle der dei ikkje torde meir - men der heller ikkje kom seg opp att.

- Vi fann også fleire andre sauer i dette farefulle området. Det første vi gjorde var å jage ein sau og fire lam oppover mot toppen til tryggare terreng, fortel karane.

Utsvoltne

Deretter tok den erfarne fjellklatraren kortaste vegen, to taulengder ned i det vanskelege terrenget, og landa på fjellhylla til dei to sauene.

Der var det eit trist syn som møtte han, to skrinne dyr. Men sauene var i live. Rindal fortel at han fekk jaga søya og lammet til enden av fjellhylla, der det var kortast høgde ned til trygg grunn og grønt gras.

Det var tydelegvis høgare ned enn sauene torde å hoppe -  men han pusha dei utføre, han trur det kanskje var tre meter fritt fall.

Kort tid etter kunne sauene gå og ta føre seg av det grøne graset.

Litt lenger borte hadde ein tredje sau reist utføre skrenten og var skadd. Her såg Rindal ikkje anna råd enn å ta livet av den.

Kanskje meir enn to veker

Illustrasjonsfoto som viser kor ulendt det er.

- Utan klatrehjelp hadde ikkje dette gått, seier ein takknemleg saueeigar Vidar Haugland.

Sist gong Haugland hadde kontakt med desse sauene var 11. juli. Ein gong etter dette har dei altså rota seg inn i dette vanskelege terrenget.

Haugland seier det om eit par år kanskje blir muleg for saueeigarar å unngå slikt som dette. Han veit det blir utvikla eit halsband som gir frå seg lyd, og etter kvart også elektrisk støyt, dersom dyra går utanfor området dei skal.

Slik han har forstått det, kan denne oppfinninga nyttast også i slike farlege område når den om eit par år skal kome på marknaden.