Tysdag føremiddag fekk journalist Joakim Rødven i Vikebladet Vestposten eit noko spesielt tips.

Høyr telefonsamtalen på nrk.no (ekstern lenkje)

– Det var ein energisk trønder som ringde om ei sak. Han ville tipse om eit eple som falt frå ei grein, før den spratt på ei trampoline, fortel Rødven.

Ikkje langt frå stammen

Trønderen minna han om uttrykket «eplet fell ikkje langt frå stammen».

– I dette tilfellet falt det 11 meter frå stammen, seier Rødven.

Innringjaren var svært oppteken av at Vikebladet måtte skrive om saka.

– På sommarstid er det ein del folk som ringer med andre typar nyheiter. Det er ein lågare terskel for kva vi skriv om då, seier han.

Hadde betre sak

Likevel vart Rødven fort skeptisk. Han byrja å spørje kvar bonden budde på Hareid.

– Eg vart vel aldri heilt overbevist, men eg er jo journalist så eg må høyre på kva han hadde å seie til eit visst punkt, seier han.

Tipset viste seg å vere ein tulletelefon frå radioprogrammet Morratoget på NRK P3. Dei hadde derimot eit mykje betre tips på lur.

– Han hevda å ha eit eple som likna på Åge Hareide. Det ville vore ei mykje betre sak, ler Rødven.

Programleiaren i Morratoget hevda han hadde eit eple som likna på tidlegare landslagstrenar Åge Hareide frå Hareid. Foto: NTB Scanpix