Bønder i Gloppen blir oppmoda om å sjå etter dyr på beite etter ein mogleg ulveobservasjon, skriv NRK Sogn og Fjordane.

– Vi har varsla alle beitelaga i området. Alle som har sau i området må ut i beitemarka og observere og følge med om det er unormalt åtferd på sau, eventuelle skader og kadaver. Vi har også informert Statens Naturoppsyn (SNO) om observasjonen, seier leiar Vidar Sandal i Breim Sau og Geit til kanalen.

Det er ikkje meldt om skader på dyr i området, men det er funne unormalt stor poteavtrykk som er rapportert inn til naturoppsynet.

Ulven som vart skoten på Sunnmøre tidlegare i år, vandra via strynetraktene i Nordfjord.