Serien om vald mot barn:

Sjukehuset spør om vald mot barn

– Eg har alltid visst at desse barna finst, men aldri tenkt at det finst så mange, seier lege Carmen Reinhart-Van Gülpen. No har dei endra rutinene på sjukehuset for å avdekke vald mot barn.

HISTORIE Eli Bente Langva og lege Carmen Reinhart-Van Gülpen gjer medisinske undersøkingar av barn på Statens barnehus. Reinhart-Van Gülpen fortel at dei når dei får barn til avhøyr og undersøking på barnehuset, så kan dei ofte sjå teikn i barna si sjukehistorie. – Når dei kjem hit, så ser vi historien, at dei har hatt diffuse plager dei har gått med.Foto: NILS HARALD ÅNSTAD

– Det har ikkje vore kultur mellom legar å tenke på mishandling i første omgang.

pluss

Carmen Reinhart-Van Gülpen er i tillegg til å vere lege ved barneavdelinga på sjukehuset i Ålesund også lege ved Statens barnehus ein dag i veka. I lag med sjukepleiar Eli Bente Langva undersøker dei barn som fortel om vald og seksuelle overgrep.

SERIE Sunnmørsposten set i ein reportasjeserie dei næraste dagane søkelyset på vald mot barn. Første artikkel vart publisert  laurdag 22. november.

Nokre gongar ser dei merke på kroppen etter valden. Blåmerke i grupper eller på stader det ikkje er vanleg å ha blåmerke. Bitemerke. Merke etter ei sigarettglo.

– Men vel så ofte kan vi sjå grunnleggande omsorgssvikt. Vi ser at barn har ofte andre helseplager. Det kan dreie seg for eksempel om helseproblem knyttet til feilernæring med over- eller undervekt, somatiske plager som hovudverk, magesmerter, søvnvanskar eller sviktende tannhelse. Dei har aldri vore teke med på helsestasjon, til lege eller tannlege, seier dei og fortel mellom anna om ei åtte år gamal jente som no har vore i narkose to gongar for at ein skal få gjort alt nødvendig arbeid med tennene hennar.

Endringar på sjukehuset

Gjennom arbeidet på Statens barnehus har Carmen Reinhart-Van Gülpen og Eli Bente Langva sett alle barna det gjeld. Dermed har dei endra måten å arbeide på også på sjukehuset.

LES OGSÅ: Vi må våge å sjå

– Om eit barn har magesmerter, men det ikkje finst noko medisinisk forklaring, så spør vi om dei har det bra, kor dei har det heime.

Magesmerter

På sjukehuset er det no innført fast rutine med at alle barn over tolv år skal få tilbod om samtale med lege utan at foreldra er til stades. Barna blir spurt om kor dei har det, kor det går på skulen og så vidare.

– Det gjer at vi kan sjå småting vi ikkje har tenkt på før. Når barn er vist til somatisk avdeling på sjukehuset for ei avklaring utan at vi finn noko, så må vi undre oss på om det kan vere noko anna enn fysisk. Carmen Reinhart-Van Gülpen fortel at dei når dei får barn til avhøyr og undersøking på barnehuset, så kan dei ofte sjå teikn i barna si sjukehistorie.

– Når dei kjem hit, så ser vi historien, at dei har hatt diffuse plager dei har gått med.

Må tore å tenke tanken

For å hjelpe til med å avdekke vald mot barn, er det no ny prosedyre når barn blir lagt inn. Legen skal tenke, sjekke, spørje . Stemmer skaden med det som blir fortalt?

– Sjølv om det er utført vald mot barnet, så har foreldre ofte ei forklaring eller ei forteljing. Og det har ikkje vore kultur mellom legar å tenke på mishandling i første omgang. Det hjelper det med det nye skjemaet.

KOMMENTAR på SMP pluss: Ser du meg ikkje?

Det er også innført nokre punkt på skjemaet når ein blir innlagt på barneavdelinga og det har vore både fagdag for sjukepleiarar og legar om temaet i tillegg til at turnuskandidatar vert undervist om barnemishandling.

– Vi må vere meir observante på dette, seier Reinhart-Van Gülpen.– Folk må starte å tenke at det finst, ikkje finne alle mulege andre forklaringar. Hvis ingen gjer noko, så blir det ikkje betre.