Vald mot barn:

– Ring, sjølv om du er i tvil

– Du treng ikkje vere sikker. Det er nok om du har mistanke.

Auke: Kyrre Grimstad fortel om stor auke i talet på personar som varslar barnevernet, men meiner at folk må bli endå flinkare.

Om du tok feil, så tenk kor fint det er for barnet! Vi er letta når vi kan legge vekk ei sak og seie at det var ingen grunn til å bekymre seg

Kyrre Grimstad
Dette er saka
  • Statens barnehus i Ålesund har i snitt over tre dommaravhøyr i veka der barn sit og fortel om vald og overgrep.
  • Valden skadar barn, og må stoppast, seier leiaren for barnehuset.
  • Sjukehuset i Ålesund har endra rutinar for å lettare avdekke vald mot barn.
  • Barnevernsleiar Kyrre Grimstad oppmodar folk om å melde frå ved mistanke.
pluss

Kyrre Grimstad er leiar for mottak og undersøkingsteamet for barnevernsteamet i Ørsta, Volda, Ulstein og Hareid og meiner det må vere tre gongar så mange som tek kontakt med barnevernet no som rundt 2000-talet, men ser gjerne at endå fleire ringer.

SERIE Sunnmørsposten set i ein reportasjeserie dei næraste dagane søkelyset på vald mot barn. Første artikkel vart publisert  laurdag 22. november.

 

– Er du i tvil, så ring oss. Det treng ikkje nødvendigvis verte ei sak, men er du i tvil, er det god nok grunn til å ringe og be om råd.

Barnevernet skal undersøke

Han har stått i barnevernsarbeid i snart ein generasjon og seier han ser ei rivande utvikling i retning av større forståing for barnevernet sitt arbeid og at det er behov for dette.

– Utviklinga har vore formidabel.

LES OGSÅ: Borte bra, heime verst

– Men er det fleire som tek kontakt med barnevernet fordi fleire barn har det verre?

– Hovudårsaka til veksten er at naboar, barnehagar, skular og så vidare har vorte flinkare til å melde frå.Men flinkare kan vi bli. Og Grimstad legg vekt på at det er barnevernet si oppgåve å undersøke saka, ikkje den som ringer.

– Og om du tok feil, så tenk kor fint det er for barnet! Vi er letta når vi kan legge vekk ei sak og seie at det var ingen grunn til å bekymre seg.

Barnevernet kan hjelpe

I dei tilfella det er grunn til uro, kan barnevernet gå inn med mange ulike typar tiltak. Det kan vere rettleiing til foreldre, besøksheim eller andre typar tiltak. Målet er heile tida å få familiane til å fungere godt.

– Vi har mange saker der vi har godt samarbeid med foreldre og der dei får hjelp frå oss. Det er det som er kvardagen vår. Og det er også mange foreldre som sjølve kjem til oss for å få hjelp.

KOMMENTAR: Ser du meg ikkje

Men i dei tilfella der det er snakk om vald, overgrep og omsorgssvikt kan det gjerast akuttinngrep der ein tek barnet vekk frå heimen.

Politisak

I Norge er det forbode ved lov å slå barn. Om det er mistanke om vald, vert melding sendt til politiet utan at foreldre vert kontakta om dette. Politiet gjer så vurderingar om vidare oppfølging av saka. Kyrre Grimstad seier at ein no har gode erfaringar med dette samarbeidet, og opplever at sakene vert raskt teke tak i.

– Vi har hatt saker der det berre har teke nokre få dagar, og vi driv etter kvart forsvarleg og innanfor dei fjorten dagane som er pålagt.

LES OGSÅ: Sjukehuset spør om vald mot barn

Ein kan ta kontakt med barnevernet og vere anonym. Mistankar og diskusjonar rundt det, vil også forbli anonyme, men Grimstad fortel dei har dårlege erfaringar med anonyme meldingar og at det i ein stor del av dei anonyme meldingane også ligg sjikane. Difor ser han helst at folk oppgir namnet sitt.

Dersom det vert sak som endar med flytting av barnet og dermed ei sak som går til fylkesnemnda, må namnet til meldaren fram.