– Må ha is i magen for å utvikle bygda

For å lykkast må slike bygdeprosjekt ha is i magen i tillegg til hårete ambisjonar.

Støtte: Fagkoordinator Synnøve Valle hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal rår organisasjonar som driv med bygdeutvikling til å ha godt tolmod, fordi det tek tid å skape endring.

Bygdefolk
  • I ein serie ser Sunnmørsposten nærare på utfordringane bygdene har framover.
  • Laurdag var vi på Hakallestranda. No er vi på Skuløy/Flemsøy og i Haram.
  • Skuløy/Flemsøy har organisert eit øyråd som arbeider for nye næringar, fleire tilflyttarar og barn.
  • Øyrådet har greidd ut tomtealternativ, utbetra uteområde og laga nettside for å marknadsføre dei gode moglegheitene til fleire enn dei som allereie har tilknytning til øya.
pluss

– Bygdeutvikling tek tid, og ein ser gjerne ikkje resultata før etter fem eller ti år. Hårete ambisjonar er bra, men ein må ha is i magen, seier fagkoordinator Synnøve Valle hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Lærer av andre.

Bygdemobilisering er midlar Fylkesmannen løyver til eit frivillig lag eller organisasjon til næringsutvikling, trivsel og busetjing.

Øyrådet på Skuløy/Flemsøy har lese seg opp på det andre har gjort. Slik håper dei å unngå å gjere same feila med dei 225.000 kronene dei får til tiltak i tre år.

– Det kan vere lurt å lage nokre konkrete prosjekt ein raskt får sjå resultata av, slik at folk ser at det går an å få til ting, seier Valle.

Dugnad

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har løyvd 2,7 millionar kroner til bygdemobiliseringsprosjekt frå 2010 til 2014.

– Det viktigaste for å lykkast er at heile bygda blir invitert og mobilisert, slik at alle som vil bidra får moglegheit til det, seier Valle. Ifølgje henne kan ein få til mykje med lite sidan dugnad er det berande prinsippet.

Må prioritere.

– Det er viktig å ikkje gape over alt med ein gong. Ein må bli einig om kva ein prioriterer og organisere seg godt, seier Valle.

I tillegg til ei sterk organisering må ein støtte eldsjelene.

– Eldsjeler er avgjerande for suksess. Ein treng nokon som har interesse og moglegheit til å gjere ein innsats utanom det vanlege for bygda, meiner Valle. Kommunen kan hjelpe bygda.

– Dei bygdeorganisasjonane som har fått kommunen med på laget, har gjerne fått til meir enn dei som ikkje har gjort det.


Øysamfunnet tar tak i bygda si framtid

Møt bygdefolket som ikkje vil la framtida ture fram utan at dei sjølv får halde i roret.