Det er den 13. revyen i rekka som ser scenelyset når dørene på Dimna grendehus opnar seg om ei knapp vekes tid.

Tittelen «Offa då, korr kjekt me he det» spelar både på god gamaldags offing og akking over det meste her i verda, og på kallenamnet på folk her ute på øya.

– «Korr, korr» er uttrykket folket her ut brukte når dei ropte på sauene sine. Difor blei dei kalla Dimnakorr, fortel kunstarisk leiar for revyen, Trude Gurskevik Knotten.

Frå fjern og nær

Dei siste fem Dimnarevyane har samla nærare 1.000 publikummarar. Det er ikkje verst når grenda vår berre tel 300–400 innbyggjarar, synest revygjengen.

– Folk kjem frå både Dimnøya, resten av Ulstein kommune og området utanfor. Det synest vi er kjempekjekt, seier skodespelar og styreleiar i revyen, Svein Dimmen.

Revytradisjonen starta opp allereie i 1996. Dei siste åra har dei lagt opp til annakvart år, og sidan 2000 har dei køyrt på med fem førestillingar, ein torsdag, to fredag og laurdag.

Byggjesjuke og pokemonjakt

Storsalen på den nedlagde skulen er stort sett oppteken. Men revygjengen har eige kostymelager og øvingsrom på andre sida av gangen, i det tidlegare lærarrommet.

På «scena» har Cecilie Pedersen og Grethe K. Siglevik rigga seg til som pasientar (sjå vido på smp.no).

– Sjukehuslivet er jo eit kapittel for seg sjølv, og det å hamne på rom saman med andre er ikkje berre berre, seier Trude, som held regien på det heile.

Dimna er eit samfunn som greier seg veldig godt på eigen hand, får vi vite. Og sparka til byen Ulsteinvik har vore mange opp igjennom åra.

Men no er det duka for nye stikk: Som til dei som står bak ennå eit nytt og stort fleirbrukshus i Ulsteinvik, til Trump, som publikum får møte i ein utgåve dei kan hende ikkje ventar, og til pokemonjegarar. Grønt skifte er på gong, og dimnakorrane har utvikla eit nytt klesplagg, eit must hage til alle damer som har bikka konfirmasjonsalderen. Sjølvundersøking er viktig, og her har mennene ei stor utfordring.

Tre musikarar er engasjert, og sjølvsagt er her viser og songar med kjende melodiar.

Nokre humoristiske, enkelte med djupt alvor. For revy er sjølvsagt ikkje berre tull og tøys.