Det er kompisane Arve Haugland og Martin Hauge-Nilsen som skipar til hinderløpet «Over stokk og stein», som er av det tøffe slaget. Og det er ikkje rart at nettopp dei to karane står bak denne fysiske utfordringa. For det liker duoen sjølv.

Haugland og Hauge-Nilsen er mellom anna dei som deltek i Nibbedobbelen under «Frå fjord til fjell» i Geiranger, tidleg i juni. Då syklar dei opp til Dalsnibba på 1499 meter, rullar attende til sentrum i Geiranger, før dei spring opp igjen med sko på beina.

– Vi har vore med på hinderløp i England og der er det veldig populært med slike løp, seier Hauge-Nilsen.

Det er også slike hinderløp i Noreg, blant anna «Viking Race» i Oslo som er enda meir krevjande enn det som skal ha premiere i Follestaddalen laurdag om ei veke.

– Vår løype er 3,9 km lang og i konkurranseklassa vert det to rundar. Eg tippar det vert ei vinnartid på rundt 48–49 minutt. Vi skal også ha ei eige ungdomsklasse og mosjonsklasse som startar etter at konkurranseløparane er kommen i mål. Der kan deltakarane velje om dei vil springe ein eller to rundar, seier Hauge-Nilsen vidare.

200 dugnadstimar

Dei har allereie avvikla eit par prøveløp, blant anna med ei treningsgruppe i Ørsta. Tilbakemeldingane var udelt positive. 200 dugnadstimar er lagt ned av Haugland, Hauge-Nilsen og ein gjeng ivrige ungdomar før løypa var klar. Den startar på eit jorde og deltakarane må forsere naturlege hinder som steingjerde, tre, røter, bekker og steinrøyser.

– Deltakarane må også bere stokkar undervegs. For dei som spring to rundar vert det etter passering av den fyrste utlevert ein hemmeleg gjenstand som skal berast gjennom heile den andre runden, seier Martin Hauge-Nilsen.

Påmeldingsfristen er sett til onsdag 26. august. Rundt 40 i konkurranseklassa er draumen til arrangørane. Dei som skal delta der anbefalast å gå gjennom løypa på førehand. Løypa er særs publikumsvenleg og arrangørane håper mange vil sjå det nye hinderløpet.