Ottar Jan Løvoll (til venstre) og Frode Høgset i «Nei til vindkraft i Vanylven» er svært kritiske til at leiinga i Vanylven kommune har hatt møte med ulike vindkraftaktørar. Det finst no skisser der det er teikna inn vindturbinar på Tusshornet (bak til høgre) og i området sørover. Foto: Marius Simensen

Her kan Sunnmøres nye vindkraftpark kome

Det bles ein sur vind over Vanylven i sommar. Skuldingar om hemmeleghald, inhabilitet og vikarierande motiv haglar før saka om vindkraft i kommunen i det heile er behandla.