Laurdag ettermiddag vart den 42. utgåva av Valderløpet arrangert med rekordmange deltakarar i den yngste klassa.

Heile 47 born fødd i 2005, kor 30 var jenter, viste løpsglede framfor dei mange publikummarane.

– Det er utruleg kjekt å ha så mange små løparar her. Det er difor vi arrangerer, fortel leiar i friidrettsgruppa i Valder IL, Jens Petter Fylling.

Alle dei elleve løparane på den yngste gruppa i idrettslaget tok del i dagens løp.

– Men det er ikkje berre lokale som tek del, vi har òg nokre som tek turen frå Ålesund og omegn. Det er vi veldig glade for, seier Fylling.

Fekk ikkje sove

Ti- og elleveåringane i friidrettsgruppa til Valder IL kjem truleg til å sove søtt i natt etter vel gjennomført løp.

– Vi har gleda oss så mykje at vi nesten ikkje har fått sove dei siste nettene. Dette må vere verdas beste løp, seier dei.

– Kvifor er det verdas beste?

– Fordi så mange kjem for å sjå på. Det hadde ikkje vore det same viss ikkje alle hadde heia på kvarandre, synest dei.

Valderøya rundt

Nok en gong var det veteran Kristian Nedregård som stakk av med sigeren. Han løp dei 9,7 kilometerane rundt Valderøya på tida 29.10.

Det populære løpet med distansane 400 meter, 600 meter, 3,3 kilometer og Valderøya rundt er vorte eit tradisjonelt og sosialt samlingspunkt for over 500 deltakarar pluss publikum i alle aldrar.

Dei yngste deltakarane er heilt ned i eittårsalderen og er med i barnevogn.