Anders Aukland og Simen Østensen som begge konkurrerer for Team Xtra Personell var dei mest kjende namna i Blåfelden rett opp i år. Mange av dei vi snakka med hadde mest tru på Anders Aukland før start, men det var Simen Østensen som kom først i mål i den tøffe løypa på tida 39.07.

Anders Aukland sette personleg rekord, men kom likevel i mål over minuttet bak på tida 40.21. Simen Østensen syntes løypa var bratt og tøff, og lurte litt på kor bratt ned det var på sidene av den egga han hadde sprunge over på veg mot toppen i tåka.

Arve Rindal frå Eid som har vunne Blåfelden rett opp 3 av dei 5 åra løpet har vore arrangert, og Jann Olav Tjønneland frå Viksdalen tok programmessige 4. og 5. plassar. Men berre halvminuttet bak desse erfarne motbakkeløparane kom unge Rasmus Haugen i klassen 15-17 år i mål på imponerande 42.32. Ei svært god tid for ein så ung utøvar. I følgje den unge løparen sjølv så har han berre vore med på løp i under eitt år, så dette kan bli eit interessant namn framover.  Rasmus Haugen har ein onkel som er godt kjent i kondisjonsmiljøet. Onkelen med namn Inge Asbjørn Haugen har fullført over 450 maratonløp, som er norsk rekord.

I klassen for kvinner vann Merete Helgheim frå Gloppen FIL for fjerde gang på tida 47.35. Åse Iren Sætre frå Ørsta vart nr 2 på tida 49.51 og Elisabeth Hildenes frå Eid IL vart nr 3 på 52.14.

Merete Helgheim klarte ikkje å slå sin personeleg rekord frå i fjor, og meinte løypa var litt tyngre enn vanleg på grunn av vått ver. Men mange av dei andre løparane sette personelege rekordar. Ein temperatur på rundt 12 grader i startområdet og om lag 8 grader i målområdet såg ut til å vere god for motbakkeekspertane.

Motbakkeløpet Blåfelden rett opp var arrangert for femte gang i dag, og etter ein fineversperiode den siste veka kom regnet og skodda same dag som Blåfelden rett opp. Konkurranseklassen med førehandspåmelding hadde god deltaking med 48 deltakarar, medan trimklassen der mange melder seg på konkurransedagen hadde ein merkbar nedgang i forhold til i fjor då det 209 trimmarar til topps. I år deltok 117 i trimklassen, og mange av dei for 5. gang. Arrangørane i Syvde IL fekk nok ein gang mykje ros av løparane både i konkurranse- og trimklassen for eit prikkfritt arrangement.