ULSTEINVIK: Både Hødd og Brattvåg er venta å kjempe i toppen av sine avdelingar i år. Men Ulstein-laget spelar i 2.-divisjon og gultrøyene frå Haram i 3.-divisjon, så det må vere lov å forvente mest av Hødd i ein treningskamp mot denne. At det enda uavgjort var ikkje urettvist ut frå spel og sjansar.

– Nei, det var vel greitt nok. Vi var best før pause, medan Hødd periodevis hadde overtak i andre omgang. Det er jo ei vanskeleg bane å kome til, Høddvoll, og resultatet er sånn sett greitt. Men vi har ting å jobbe med før seriestart vi også, seier årets Brattvåg-trenar og fjorårets Hødd-assistent Karl Oskar Fjørtoft.

– Ikkje kvasse nok

Brattvåg var hakket betre i første omgang. Og etter seks minutt burde Didrik Fløtre ha sendt bortelaget i leiinga. Også Daniel Stensøe hadde ein god sjanse i det 39. minutt. For Hødd sin del kom Bendik Rise sånn passe nær ved eit par høve, utan at det vart ekstremt farleg.

2. omgang var lenge veldig tam, men totalt sett var kanskje heimelaget hakket betre denne omgangen. Nykomaren Badr Rahhaoui brende ein kjempesjanse i det 68. minutt, og fire minutt seinare var Didrik Sereba farleg frampå. I sluttminutta tok laga større sjansar offensivt og det vart litt meir underhaldande–utan at nokon klarte å finne nettmaskene.

– Eg er nøgd med at vi berre har tre målsjansar imot, medan vi kjem til seks-sju sjølve. Ut frå det burde vi ha scora eitt eller to. Vi har stigning på ein del område i dag, men vi er ikkje kvasse nok framover, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

– Henrik treng kamptrening

For Hødd sin del debuterte midtbanespelaren Henrik Breimyr, medan angriparen Badr Rahhaoui spelte sin andre Hødd-kamp. Ein kunne sjå at det bur mykje fotball i førstnemnde, utan at han laga så mange hol i marka denne kampen. Sistnemnde fekk til lite eller ingenting.

– Dette var Henrik sin første kamp på eit halvt år, så han treng ein del meir kamptrening. Men vi ser jo at han er ein bra spelar. Badr gjorde ein veldig god jobb defensivt i dag. Offensivt hadde han ein sjanse som vart redda på strek. Synd den ikkje gjekk inn, synest Sindre Eid.

Sonen som høgreback

Som starta med sonen Daniel på høgrebacken i dag. Junioren markerte seg først og fremst med gode innkast og duellstyrke. Men å velje sin eigen framfor andre er ofte kontroversielt. Og Sindre Eid blir ikkje direkte overraska når vi spør om kven som har siste ord om kor vidt sonen skal spele eller ei.

– Alle spelarane våre blir vurderte og diskuterte av heile trenarteamet. Og sjølvsagt når det gjeld Daniel, der eg er delvis inhabil, så er det andre som bidreg veldig i akkurat den avgjersla, seier Eid.

Skjølsvik debuterte

Til å vere eit tredjedivisjonslag ser Brattvåg ut til å ha ein god og brei stall. Mot Hødd hadde dei spelarar som Torbjørn Grytten, Niklas Rekdal og Øyvind Hagen på benken. Frå start debuterte rutinerte Aksel Berget Skjølsvik.

– Forma mi er middels minus. I dag følte eg meg litt febersjuk i tillegg. Å spele ein omgang i dag passa meg veldig bra. Det var greitt å kjenne på nivået igjen. Eg har jo spelt på brukbart nivå før, seier Åndalsnes-busette Skjølsvik til Sunnmørsposten, og la til at han ikkje var nøgd med 0–0 mot Hødd.

– Skjølsvik treng litt tid. Men vi skal bygge han opp fram til seriestart, lovar Karl Oskar Fjørtoft.