På Blikfestivalen i Sandnes var det laudags kveld duka for supersprint. Og når ein Tarjei Bø i superform valde å stå over, gjorde veslebror sitt for å halde familenamnet i hevd.

Den vanlegvis solide skyttaren Daniel Böhm, kom først inn på siste skyting. Men når tyskaren pådrog seg tre strafferundar, og Johannes Bø nøya seg med ein, vart det enkel match for stryningen.

Show i Sandnes

Han passerte målstreken defilerande, sju sekund føre nykomlingen Marius Hol frå Målselv, og amerikanaren Tim Burke.

– Det er ingen tvil om at Johannes Thingnes Bø er dagens showman i Sandnes, seier NRK sin kommentator Jann Post.

I intervjuet etter målgang, nyttar Johannes sjansen til  å gi storebror eit stikk i sida.

– No har eg tre sigrar i Blink, og han har ein. Der ser du Tarjei, ler stortalentet til NRK.