Og Nest Sotra er ingen kasteball. I sin førre kamp vann sotringane heile 8–1 mot Fana, som Hødd så vidt slo 2–1 nyleg. Og tabellen syner at Nest er på 2.-plass med 14 poeng, Hødd har 11 poeng på 4.-plass.

– Eg var ikkje overraska over at vi gav Molde så god fight. Vi har berre tapt tre av våre siste 14 kampar, og no har vi tre strake sigrar i 2. divisjon. Vi sleit stort i ei periode i vinter, men no har vi kome sterkt attende, seier trenar Sindre Eid.

Som veit at Nest-kampen bør vinnast. Med siger er Hødd oppe på same poengsum som motstandaren, men tap betyr at Nest er seks poeng føre. Og med soleklart betre målskilnad.

Bør vinne

– Vi bør helst vinne heime på Høddvoll søndag, eg ser den. Og eg trur vi har kvalitetane som skal til for å klare det også.

– Mot Molde ropte ein del tilskodarar namnet til Sondre Beite i byrjinga av 2. omgang. Kvifor vert ikkje han nytta meir?

I Stavanger går det heller dårleg både med Viking og med innleigde Robin Shroot.

Og få trur at Shroot spelar for Viking i haust, han er lånt ut frå Hødd ut vårsesongen. Men Eid tvilar sterkt på at Shroot vert Hødd-spelar igjen.

– Han har kontrakt med oss ut sesongen, men det skal mykje til om han spelar meir for oss, trur Sindre.

Engasjert Hødd-trenar Sindre Eid er engasjert langs sidelinja, og det vert han garantert på søndag også, når Nest Sotra kjem på besøk til Høddvoll. Ein kamp Hødd ikkje har råd til å tape. Foto: Anders Hoven

Mbedule aktuell

Som kan mønstre same troppen som mot Molde, og i tillegg er spissen Amani Mbedule klar etter karantene mot Molde.

– Både Amani og den andre unge spissen vi har henta, Badr Rahhaoui, er særs lovande gutar som vi ventar oss mykje frå i år. Badr trente med Molde i vinter, og var faktisk ikkje langt unna kontrakt der.

– Vår avdeling er jamn og god, og kvar kamp ser uviss ut. Men vi veit at vi må vere på vårt beste for å slå Nest Sotra, og det er sjølvsagt målet vårt, avsluttar Eid.