- Utruleg herleg, smilte Brandal etter kampslutt.

Han spelte ikkje eit sekund etter pause, men det var heller ikkje nødvendig. For dei tre måla Brandal scora frå det første til det 13. minuttet avgjorde i realiteten semifinalen. Då stod det 3-0 etter tre fine mål av Brandal – og Bergsøy verka noko resignerte.

TREMÅLSSCORAR August Brandal fekk seg ein smell og såg over halve semifinalen frå benken. Men før den tid rakk han å score tre mål, noko som la eit solid grunnlag for ferda mot finaleplass.

Tema-side: Alt fra Norway Cup

Erfaring frå 4.-divisjon

Før pause plussa Christian Nykrem Korshaug på til 4-0. Mot slutten av andre omgang reduserte både Markus Ihle og Pijus Marcinkevicijus for Bergsøy, men veldig spennande vart det aldri.

- Då vi reiste nedover tenkte eg i grunnen ikkje over kor langt vi kunne nå. Men eg må innrømme at eg er overraska over at vi er i finalen. Laget består av spelarar frå to kull som ikkje har spelt så mykje i lag tidlegare, seier August Brandal.

Sjølv har han vore innbytar på a-laget til Hareid i 4.-divisjon i vår. Det same har Henrik Holstad og ved eit par høve Markus Hareide. Dessutan har kapteinen Håvard Mork Breivik allereie spelt a-lagsfotball sidan i fjor vår.

Kapteinen Håvard Mork Breivik er kaptein for dette Hareid-laget. Han har spelt fast på a-laget til Hareid sidan i fjor vår og er nok blant dei betre spelarane i G16-klassen (sjuar) i Norway Cup i år.

Og ingen av desse er altså overårige. Så i motsetning til Bergsøy stilte Hareid med fleire spelarar som har erfaring frå vaksenfotballen.

- Tapte fortent

- Ingenting å seie på at vi tapte denne kampen. Vi verka skikkeleg slitne. Dessutan hadde vi berre to utespelarar på benken på slutten, medan Hareid hadde langt fleire å setje inn. Vi scora eit par på tampen, men då var det i realiteten over. Hareid gjekk ut i 100 og hadde ikkje minst ein god spiss som var livsfarleg. Dei vann fortent, seier Bergsøy-trenar Fredrik Muren.

- Spissen han siktar til er sjølvsagt tremålsscorar August Brandal.

Gull i 2015

Hareid møter Førde i finalen fredag føremiddag. Hareid tok gull i denne klassen i 2015 – og sølv året før. Så tradisjonane skulle i alle fall vere dei beste.

Men Førde viste i sin semifinale mot Rosendal at dei blir ein knalltøff finalemotstandar. Førde vann 2-0 i kampen som gjekk på bana nokre få meter frå lokaloppgjeret Hareid-Bergsøy.

Bergsøy møter dermed Rosendal i bronsefinalen.

- Vi får kvile oss i kveld og gjere det beste ut av bronsefinalen, varslar Fredrik Muren.