Det melder klubben i ei pressemelding tysdag.

– Ein kjempedag for Hødd, og veldig godt å få desse på plass før jul, seier trenar Sindre Eid ifølgje pressemeldinga.

Trenaren har følgjande ord om dei tre spelarane:

– Magnus Myklebust er berre 31 år ung, og er voldsomt motivert etter skada som holdt han ute det meste av 2016-sesongen. Med si erfaring vert han ein nøkkelspelar dei komande sesongane.

– Jesper Tørnqvist er leiaren i gruppa både på og utanfor bana. Ein botnsolid stoppar som ein alltid kan stole på.

– Martin Mork Breivik er ein lokal unggut som skal få sitt gjennombrot i 2017-sesongen, seier Eid.