Det var under friidrettsforbundet sin galla på Madeira at Karsten Warholms trenar vart tildelt European Coaching Award.

– Det er veldig kjekt at det blir lagt merke til det eg har fått til på lokalt og internasjonalt plan desse åra, seier Arve Hatløy til Vikebladet Vestposten. Han var ikkje til stades på Madeira, men vil få utmerkinga på eit trenarseminar seinare denne månaden.

Totalt fekk 37 trenarar denne utmerkinga i år. Kvart land i Europa kan nominere inntil to kandidatar.

2000 timar i året

Overfor Vikebladet Vestposten antydar Hatløy – som til vanleg er i full jobb – at han legg ned om lag 2000 timar på friidretten i året.

Overfor omverda er han mest kjent som trenaren til kanskje Norges største friidrettshåp, Karsten Warholm. Men Hatløy påpeiker at han har hatt langt fleire enn Warholm som elev i løpet av sine 19 år i Dimna IL.

– Berre dei siste 10–12 åra har vi 28 utøvarar frå Dimna IL som har tatt meisterskapsmedaljar, nasjonalt og internasjonalt. Men totalt gjennom åra har eg nok trena godt over hundre utøvarar, seier Hatløy.

Karsten Warholm var nominert til å bli årets nykommar, men Warholm fekk ikkje denne prisen.