Dag ein av norgesmeisterskapen i snowboard i Stryn er unnagjort, og i denne bildekarusellen ser du noko av det som skjedde ved sommarskisenteret på torsdag, då juniorane var i aksjon.

Fredag er det klart for big air open-klassa, og kvalifisering til laurdagens slopestyle-konkurranse.

Stryn sommarski spanderer ein heistur på publikum kvar dag, slik at dei kan komme opp og sjå på.

Parkbyggjar Emil Fossheim og mannskap frå Stryn sommerski har stått på dag og natt for å gjere klar parken før NM, og køyrarane gav uttrykk for at dei var nøgde med elementa i bakken.

Ifølgje nettsidene til smowboardforbundet var landslagets Silje Norendal svært imponert over nivået.

- Eg er overraska over kor høgt nivå det var, og at alle – både yngre junior og junior-køyrarane brukte det store hoppet. Dette var utroleg kult å sjå, seier ho.

Resultat:

Jenter yngre junior:1. Ingvild Nymoen, KIF2. Hanne Kjøll Eilertsen, BSK3. Andrine Rohde Pettersen, BSK

Gutter yngre junior:1. Marcus Kleveland, Dombås Alpin og Snowboard2. Isak Ulstein, BSK3. Stefan Perchla, BSK Jenter junior:1. Nora Andersen, KIF2. Karoline Seljevoll Herleiksplass, Geilo IL3. Kristine Nymoen, KIF Gutter junior:1. Haakon Kjøll Eilertsen, BSK2. Marius Bakken, Hønefoss Brettklubb 3. Martin Garnås Sire, Geilo IL