Før løpet var det mange som spådde ny løyperekord i herreklassen med tanke på at kongen av Stoltzekleiven opp Thorbjørn Thorsen Ludvigsen frå Varegg stilte i Blåfelden rett opp for første gang. Ludvigsen er eit kjent namn både når det gjeld trappespringing i skyskraparane i New York og når det gjeld motbakkeløp, og han vann mellom anna i eit sterkt felt i Saudehornet Rett Opp hausten 2016.

Ludvigsen tok teten frå start, og auka leiinga litt opp gjennom bjørkeskogen. Men det var først i det brattaste partiet av løypa at han verkeleg drog i frå resten av feltet. I mål vart den gjeldande løyperekorden til Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve på 37:56 (2011) senka til 36:23.

Ekstra sterk blir tida med tanke på at det var regn om natta og løypa dermed var litt sleipare enn den har vore andre år med gode tider. Av dei som har vore med mange gonger var tidene jamt over dårlegare enn personleg rekord.

Erling Hisdal frå Tjalve kom inn til andreplass på tida 41:24, og på tredjeplass kom vinnaren av Sjutoppsturen på Sandsøya Eirik Voksøy Bringsvor frå Sandsøy IL.

Therese Sjursen, BFG Fana sette løyperekord med tida 45.55 i 2012. Ho vann kvinneklassen i dag og, men tida på 46:32 var eit stykke unna bestetida hennar. Merete Helgheim frå Gloppen har vunne Blåfelden rett opp flest gonger, og kom i dag på andreplass med tida 49:16 i sitt 8. løp opp Blåfelden. På tredjeplass kom Hege Ringdal frå Sunnylven.