– Haldor kjem på besøk til oss i helga der han skal sjå på forholda i klubben vår. Vi har fått gode referansar på ham som trenar, sjølv om Haldor berre er 26 år, seier styreleiar Arild Bakke i Volda Handball til smp.no.

Volda har hatt ein skrekksesong i 1. divisjon, andre gong dei har vore på nivå to i norsk damehandball. Laget har berre fire poeng på 21 kampar. Og berre ein siger på desse kampane.

Sundag spelar Volda sin siste kamp i 1. divisjon på ei stund, heime mot skiensklubben Gjerpen.

Les fleire sportsnyheiter på smp.no

– Vert det same tøffe satsing med utanlandske spelarar på damelaget?

– Nei, no ynskjer vi ein klar lokal profil i spelargruppa. Det er berre Merita Jug vi har gjeve tilbod om å vere med vidare. Ho vert keepertrenar for fleire av våre aldersbestemte lag, seier Arild Bakke vidare.

Tina Gavranic, Olivia Kiss og Marija Shteriova får ikkje fornya tilbod, medan allereie etablerte Aukse Angliskiene har busett seg i Volda og truleg fortset.

– Vi skal ha ein prat med Aukse, og sjølvsagt også alle dei andre spelarane, over helga. Vi håper at dei fleste vert med vidare, seier Bakke.

Styreleiaren reknar med fulle hus mot Gjerpen sundag, då alle aldersbestemte spelarar er inviterte, fyrst til pizzafest på Volda Turisthotell. Så skal dei sjå kampen i Voldahallen på ettermiddagen.