Mang ein sunnmøring har tent sine første kroner med å ta sild frå lasta til båtane på kaia, og selje den i nabolaget.
- Det heitte seg at den som ikkje gav gutungane sild, han risikerte å ikkje få fisk når han gjekk ut att på havet, seier Jan Johansen frå Ålesund, som byrja som fiskar på 50-talet.
I høve 100-årsjubileet til Møre og Romsdal Fiskarlag viser Smp.no klipp frå fiskarfilmen «Ut mot havet». Her er unike bilete frå ulike fiskeri på 50-talet, mellom anna det eventyrlege sildefisket. I denne episoden fortel også Roger Korsnes frå Hareid om då han lossa sild i Fosnavåg med båten «Hareid» i 1954.
Storfiskarar episode 4: Store pengar
Sjå tidlegare episodar: