Her er forklaringa på berre nokre få av dei:

(Kjelde: Allkunne.no)

Direkte val

Direkte val er ein valmetode der ein røystar direkte på dei personane ein ønskjer valde som representantar i nasjonalforsamlinga, og ikkje på eit mellomledd av valmenn, såkalla elektorar, som seinare gjer det endelege valet.

Les heile artikkelen om Direkte val

Handlingsregelen

Handlingsregelen er ein regel som bestemmer kor mykje av oljeinntektene styresmaktene kan bruke kvart år. Noreg har meir enn fire tusen milliardar kroner i oljefondet.

Les heile artikkelen om Handlingsregelen

Høgre (politisk omgrep)

Høgre er nemninga for konservative parti. Uttrykket kjem frå den franske nasjonalforsamlinga i 1789 der dei konservative sat til høgre og dei radikale til venstre for talarstolen.

Parlamentarisk leiar

Parlamentarisk leiar er leiar for ei partigruppe i eit parlament, altså ei nasjonalforsamling. I det norske Stortinget møter alle dei parlamentariske leiarane i den utvida utanrikskomiteen.

Parlamentarisme

Parlamentarisme, politisk styreform som medfører at regjeringa må gå av dersom fleirtalet i nasjonalforsamlinga krev det. Parlamentarisme krev eit fleirpartisystem og frie val til nasjonalforsamlinga. Styreforma voks fram i Storbritannia på 1700-talet, og til Noreg kom ho på slutten av 1800-talet.

Regjering

Regjering er leiinga for den utøvande makta i eit land. I Noreg vert regjeringa leidd av statsministeren med statsrådane som medlemer. Som Kongens råd utøver regjeringa den makta som i Grunnlova er tillagd Kongen: Kongen i statsråd. Dei skiftande regjeringane får namn etter statsministeren.

Sperregrense

Sperregrense er ei politisk nemning knytt til valsystemet som seier kor mange prosent oppslutnad eit politisk parti må ha ved val for å få konkurrere om utjamningsmandat.

Les heile artikkelen om sperregrense

Statsminister

Statsminister er sjefen for regjeringa i ein del land, mellom andre Noreg, Sverige, Danmark og Finland.

Stemmerett

Stemmerett er rett til å stemme ved val av representantar til nasjonalforsamling, fylkesting og kommunestyre, forutan ved folkeavstemmingar. I enkelte land er stemmeretten kombinert med stemmeplikt.

Les heile artikkelen om stemmerett

Stortingsval

Stortingsval vert halde kvart fjerde år innan utgangen av september månad. Røystinga er hemmeleg og går føre seg gjennom personleg frammøte.

Les heile artikkelen om stortingsval

Utjamningsmandat

Utjamningsmandat er mandat (ein stortingsplass) som etter eit val vert fordelte til dei partia som er underrepresenterte i høve til det samla røystetalet ved stortingsval. Kvart fylke har eit utjamningsmandat.

Les heile artikkelen om utjamningsmandat

Valmanntal

Valmanntal er eit register over dei som har stemmerett ved stortings-, fylkestings- og kommuneval.

Les heile artikkelen om valmanntal

Valordninga i Norge

Med valordning meiner vi dei lovene og forskriftene som regulerer korleis personar blir valde til dei folkevalde organa Stortinget, fylkestinga og kommunestyra.

Les heile artikkelen om valordninga i Norge

Velferdsstat

Velferdsstat kjem frå engelsk welfare state og er ein stat der det er eit politisk mål å oppnå ei viss grad av sosial og økonomisk utjamning. Det skjer ved at staten tek på seg ansvaret for at alle, uansett evne og innsats, skal sikrast visse grunnleggjande sosiale, økonomiske og kulturelle gode.

Venstre (som politisk omgrep)

Venstre er nemninga for radikale og liberale politiske parti. Namnet stammar frå den franske revolusjonen der dei radikale i nasjonalforsamlinga i 1789 sat til venstre for presidenten.

Vippekandidat

Vippekandidat er eit politisk omgrep som skildrar kandidatar som står på vippen til å verte valde inn på til dømes Stortinget.

Les heile artikkelen om vippekandidat