Det varierer mykje kor mykje nedbør som har kome på Nordvestlandet det siste døgnet. Sæbø er blant stadene der det har kome mykje.

- Sæbø har fått 109,6 millimeter. Det er voldsomt. Det er veldig mykje, seier meteorolog Anne Solveig Andersen ved Vervarslinga på Vestlandet.

Bjørn Sørheim i Ørsta, som har ein privat vêrstasjon nær Ørsta sentrum, har ei tilsvarande måling. Han har målt 107,5 mm regn frå tysdag klokka 00.45 til onsdag klokka 00.45.

Til samanlikning har Norddal fått 15 millimeter, så variasjonane er store. Dette er nedbørsmengdene for perioden tysdag klokka 07 til onsdag klokka 07:

Fiskåbygd: 65 mmÅkerneset: 40,7 mmTafjord: 13,7 mmNorddal: 15,7 mmLinge: 18,6Hildre: 12,9 mmGrønningen: 17,6 mmNordfjordeid: 32,5 mmHornindal: 44,6 mmInnvik: 18,4 mm

Og det blir vått også i dag. Sjølv om yr.no melder om berre eit par millimeter nedbør for enkelte stader, kan det godt vere at det lokalt kjem meir, seier meteorologen.

Sjå også: Vervarsel på Yr.no

Det er også ein viss fare for jordskred på Nordvestlandet. Sjå varsel på Varsom.no

Over Nakkedalen mellom Vatne og Fiksdalen, på fylkesveg 147, har regnet gitt vanskelege køyreforhold etter at vatnet har flytta på stein og grus.

- Ein patrulje som køyrer i distriktet i natt melder om store vassmengder, spesielt over Nakkedalen. Vatnet har dratt inn på vegen mykje stein og grus som kan føre til vanskelege køyreforhold.  Det er grunn til å vere merksam på dette for dei som skal ut og køyre på morgonkvisten, opplyser vakthavande operasjonsleiar Johan Arnt Overøye i Sunnmøre politidistrikt.

Sykkylvsbrua, mellom Aure og Sykkylven på fylkesveg 71, vart stengt tysdag kveld på grunn av flaum.

Samtidig går det gradvis mot lettare vêr.

- Også torsdag blir det regnbyger. Fredag kan det bli gløtt av sol, seier meteorolog Anne Solveig Andersen ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Sjekk køyreforholda på vegane her:

Møre og Romsdal: Her er oppdatert veginfoSogn og Fjordane: Her er oppdatert veginfo