Meteorologisk institutt åtvarar om ruskete vær utom det vanlege i helga og har difor lagt ut OBS-varsel for store delar av kysten på Vestlandet og fjellet i Sør-Norge laurdag.

Sjekk våre webkamera: Været i nordvest nå

Ved Stad er det venta vind frå sør opptil full storm laurdag kveld, medan det lengre nordover fyrst og fremst er til fjells ein bør ta forholdsreglar.

Rogaland og Hordaland

Laurdag kveld er det venta søraust liten og kan hende full storm 25 m/s utsette stader. Laurdag ettermiddag og kveld kan sterk vind, snø og snøfokk gi vanskelege køyretilhøve i fjellet.

Sogn og Fjordane

Laurdag ettermiddag auke vinden til sørleg liten storm 22 m/s utsette stader, om kvelden full storm 25 m/s. Laurdag ettermiddag og kveld kan sterk vind, snø og snøfokk gi vanskelege køyretilhøve i fjellet.

Møre og Romsdal

Seint laurdag ettermiddag og kveld kan sterk søraustleg vind, snø og snøfokk gi vanskelege køyretilhøve i fjellet.

Les hele varselet på hjemmesidene til Meteorologisk institutt