Onsdag morgon høljar det ned ute ved kysten.

- Særleg i ytre del av Romsdal er det også lyn og torden, seier meteorolog Anne Solveig Andersen ved Vervarslinga på Vestlandet tidleg onsdag føremiddag.

Kor varmt er det hos deg? Del bilde på Instagram #smp.no eller send bilde til 95400400@smp.no

Det dårleg vêret i morgontimane trekker nordover. Gradvis forsvinn skyene, og for onsdag ettermiddag er det meldt strålande solskin og 22 grader ute ved kysten av Sunnmøre.

Nord for Stad blir det nesten ikkje vind å snakke om.

Oppdatert melding for Møre og Romsdal (Yr.no)

Torsdag blir temperaturen enno betre. For Stryn melder dei om 30 grader.

Men nær Stad kan vinden dra seg opp i liten kuling. Fosnavåg får torsdag «berre» 27 grader, ifølgje Yr.

- Men fredag går det ned att med temperaturen, seier meteorologen.