Forsikringsselskapa merkar langt større pågang av bulkeskadar på bilar i desember enn elles i året. Verste dagen er 22. desember.

Bransjen melder om rundt 50 prosent fleire bilskadar enn alle andre dagar i året. Dei fleste skjer ved rygging. Det er størst fare for å skade bilen når du ryggar. Sjølv om fleire bilar er utstyrt med ryggekamera og lydsensorar er det fleire som skadar bilen, nettopp ved rygging. Dei fleste skadane skjer på parkeringsplassar.

– Rygg inn når du parkerer bilen. Då reduserer du sjansen for å skade både eigen og andre sin bil, seier Runar Sleipnes, skadesjef for bil i Møretrygd.

Gjør som over 24.000 andre - følg smp.no på Facebook

– Forklaringa er enkel. Når du kjem inn på eit parkeringsområde har du god oversikt over heile trafikkbildet, og folk er i «køyremodus». Når du skal hente bilen igjen, har du kanskje dårleg tid for å rekke andre gjeremål, og sjansen for bulke er langt større.

Mer forbrukerstoff på smp.no