Frå 2015 er det Hareid-Sulesund som må slite med den 28 år gamle ferja «Ullensvang». I haust vart det kjent at Norled vil bytte ut dagens meir moderne «Tidefjord» med denne ferja, medan «Tidesund» framleis skal gå mellom Hareid og Sulesund.

Ut dette året går «Ullensvang» mellom Tau og Stavanger. Vikebladet siterer lokalavisa Strandbuen, som på leiarplass skriv at dei snart får oppleve eit stort framsteg.

– Tekniske problem og ulike uhell har ført til frustrasjon og irritasjon, skriv avisa om ferjestrekninga der «Ullensvang» går i dag.

Effektivt

Med nye ferjer har lokalavisa tru på at avviklinga blir både driftssikker og effektiv.

– Med hypermoderne ferjer burde alt liggja til rette for effektiv og driftssikker trafikkavvikling, skriv avisa.

Hareid-ordførar Anders Riise seier til Vikebladet Vestposten at sjølv om «Ullensvang» tek nesten like mange bilar som dagens ferjer, reknar han med at av- og påkøyringa vil ta lenger tid.

I eit ferjesamband med sterk trafikkvekst er han skuffa over at dei må slite med slike gamle ferjer.

Kvar dag står det også i snitt att 25 bilar som ikkje får plass med første ferje på dette ferjesambandet.