Trafikantar med Autopass-brikke og lokal avtale får rabattar på 30, 40 og 50 prosent. For å oppnå 50 prosent rabatt, må det kjøpast brikke for 6.000 kroner. Taksten for lett køyretøy over Tresfjordbrua vert foreslått til 86 kroner og for Vågstrandstunnelen 40 kroner.

For tunge køyretøy er det foreslått 258 kroner over Tresfjordbrua og 120 kroner gjennom Vågstrandstunnelen.

For Tresfjordbrua vil same takst gjelde for trafikantar som køyrer rundt Tresfjorden og passerer bomstasjonane på Skorgen og Skjeggstad innan ein time. Dette er gjort for å unngå trafikklekkasje, og er i tråd med lokalpolitiske vedtak. Der er òg ein bomstasjon på Vikebukt.

Trafikantar som passerer berre ein av dei to bomstasjonane på E136 rundt Tresfjorden, vert ikkje belasta for passeringa dersom ein har Autopass-brikke.

Takstforslaget er sendt på høyring til Rauma, Vestnes og fylkeskommunen. Vegdirektoratet tek endeleg avgjerd. Planlagt start for innkrevjing er hausten 2015.

Bomstasjonen for Vågstrandstunnelen er plassert på Våge.

Les også: Klar for siste bru-etappe