Skal Fosnavåg og offshorenæringa vekse vidare, må det drivast grønare og smartare. Stig Remøy vil gjerne ha verdas strengaste miljøkrav.

– Myndigheitene må setje verdas strengaste miljøkrav. Då kan vi heve nivået på tryggleik, miljø og effektivitet, seier Stig Remøy, gründeren bak Olympic Shipping i Fosnavåg.

Dette er eitt av reiarlaga med suksess i Fosnavåg. Olympic Shipping har åleine investert oppunder tolv milliardar kroner i nye skip sidan starten i 1996/97.

Sjå også: Interaktiv grafikk som viser utviklingen for Herøy-rederia sidan 2005Sjå også: Database over alle fartøya i Herøyflåten

Teknologi

Men Remøy vil ikkje kvile på laurbæra. Og han meiner strenge miljøkrav kan medverke til å drive fram ny, verdsleiande teknologi i samband med oljeaktivitet i nordområda.

– Skal du ha suksess, er teknologi avgjerande. Dette gjeld meir enn nokon gong, seier Remøy.

USA har fleire offshorefartøy enn Norge, men på teknologi er Norge allereie i dag suverene.

– Med høgt lønsnivå så kan vi ikkje vere på ein arena der alle konkurrerer. Vi må vere der det er mindre konkurranse og meir kunnskap, meiner Remøy.

Les også: Offshorebyen Fosnavåg ei båtlengd føreLes også: Eventyrleg utvikling i Fosnavåg

Områda nord for 62. breiddegrad er sårbare, men Remøy ser potensialet i å utvikle miljøvennlege løysingar for å utnytte ressursane i havet.

– Nordsjøen har skapt vekst på heile kysten. Myndigheitene må sjå at det er ei gedigen mulegheit til å gjere det same på nordområda, meiner Remøy.

Tre drivarar

Oljeindustrien er i endring, frå grunt til djupt vatn og frå overflata til botnen. Den tredje endringa er miljøfokuset.

– Dette er tre drivarar som er sentralt for utviklinga. Her har vi kompetanse på maritimt miljø, og det er ein styrke for Sunnmøre, som ein ikkje finn andre stader. Dette er kjernen til suksess framover, seier Remøy.

Han åtvarar vidare mot for attraktive særordningar i offshorenæringa. Han meiner ein må vakte seg vel for å få meir attraktive ordningar enn andre land i Europa.

– Viss vi ikkje beheld innovasjonen og har folk som er svoltne, vil vi ikkje ha same driven framover, meiner han.Remøy trekkjer også fram at risikovillige eigarar, som ser mulegheiter, også er viktig for vidare utvikling i byen.

Konserthus

Fosnavåg har hatt ei rivande utvikling siste åra, med nye arbeidsplassar og folkevekst. Innbyggjarane nyt godt av fleire «rike onklar», og med pengar frå næringslivet blir det både nytt badeland, flott konserthus, nytt hotell og simulatorsenter. Neste haust opnar investeringar for ein halv milliard kroner.

– Vi må skape vår eiga framtid. Badeland, hotell og konserthus er noko vi ønskjer. Det er eit positivt bidrag for at folk skal ønske å bli her. Og vi treng arbeidskraft, seier Remøy.

Høgskule og Hafast

Ein annan suksessfaktor som Remøy trekkjer fram, er nærleik og kontakt med Høgskulen i Ålesund. Og han meiner Hareid fastlandssamband – Hafast – er heilt avgjerande for å knyte miljøa tettare saman.

– Jens Petter Ekornes snakka om infrastruktur og kor viktig det er. Infrastruktur er framtida. Det er det ikkje tvil om, seier Remøy.