Saka er omstridd i organisasjonen, og handlar om kor mykje kvotar som kan samlast på ein kjøl. I dag er kvotetaket 650 basistonn, men Aalesunds Rederiforening går inn for å auke taket til 800 basisitonn.

- Aalesunds Rederiforening er opptatt av å samle eit størst muleg kompromiss om eit endra kvotetetak, heiter det i eit vedtak på generalforsamlinga fredag.

Skapte temperatur

Vedtaket er samsrøystes, men det gir ikkje eit rett bilete av stemninga i organisasjonen.

Ringnotreiar Sigurd Teige, i mange år styreleiar i Fiskebåtredernes Forbund, skapte temperatur med å foreslå eit kvotetak på 1300 basistonn.

- Dette er det einaste fornuftige. På denne måten kan vi samle kvotane til to fartøy på eitt, sa Teige, som sjølv har to ringnotfartøy.

Frykta ny splitting

Men etter press frå fleire trekte Teige forslaget, for å hindre ein situasjon som kunne føre til ny splitting i medlemsforeininga.

Saka har nemleg sprengstoff i seg. Førre gong organisasjonen diskuterte kvotetak i ringnot enda det med at mange av dei som vil bremse struktureringa melde seg og og skipa ein konkurrerande organisasjon – Pelagisk Foreining.

- Eg  finn det rett å markere misnøye, og ønskjer å kome tilbake ved neste korsveg, sa Teige, etter å ha trekt forslaget sitt, som altså gjekk vesentleg lengre en det vedtatte kompromissforslaget.